Når du skal legge inn logo på nettstad, så gjer du følgande: 


1. I menyen til venstre finn du "Enfold 4 Child" (evt. berre "Enfold"), klikk deg inn her. 
2. Du blir deretter sendt rett til "Theme Options". 
3. Her finn du feltet som heiter "Logo". Her kan du klikke på "Upload", og dermed blir du sendt inn i mediebiblioteket. 
4. Klikk deretter på "Last opp filer" øverst i venstre hjørne. 
5. Du får no opp eit felt på midten for å laste opp filer. Klikk "Velg filer". Du får no opp filer frå datamaskina di, og kan velge den fila du vil laste opp.
6. Når fila er lasta opp, vel du "Use image as logo". 
7. Når du kjem tilbake til "Theme options" så må du lagre innstillingane, og klikke på knappen i høgre hjørne "Save all changes".

Når dette er gjort skal du ha fått ny logo. Logo bør helst lastast opp i filformat PNG, om den skal vere utan bakgrunn.