Opne eposten "Utkast på bokmål/nynorsk til personvernerklæring på nettstedet" som du har fått tilsendt frå oss om du har fyllt ut skjemaet vårt her.


NB! Det er bedrifta di som er behandlingsansvarleg og som dermed også er ansvarleg for at personvernerklæringa følgjer personvernforskrifta. Framlegget de fekk tilsendt på e-post er derfor berre nettopp det: Eit framlegg fra Mediebruket. 

Alternativt kan du skrive ein eigen tekst om vilkår for bruk av informasjonskapslar og retningslinjer for personvern. 


1. Opprett ei side som informerer om retningslinjer for personvern 


Logg inn på nettsida di og i kontrollpanelet går du til 

Sider > Opprett ny 


Skriv inn tittel, f.eks. "Personvernerklæring for XXX"


Lim inn teksten frå eposten du fekk tilsendt frå oss i tekstfeltet: 



Trykk "Legg ut" eller "Publisér" når du er ferdig. 


2. Legg inn varsel for samtykke til informasjonskapsler (cookies consent)

Gå til Settings/Innstillinger > Cookie Consent 


Fana General:

La innstillingane stå slik dei er. 



Fana Content: 

Notification text: Skriv inn tekst som viser i varselet, f.eks.: "Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du våre vilkår for bruk av informasjonskapslar." 


More info text: Tekst på lenke til personvernerklæring, f.eks.: "Les vår personvernerklæring"


More info page: Her skal du lenke til sida du oppretta i steg 1: 



Accept text: Tekst på knapp for å godta vilkåra, f.eks.: "Eg godtek vilkåra"


La dei andre innstillingane stå slik dei er. 


Fana Styles: 

Position: Velg kor du ønskjer at varselet skal dukke opp, f.eks. "Bottom bar". 

Endre text color, background color, link color, button color og butto background om ønskeleg. Dette er fargane som blir brukt i sjølve varselet. Fargane kan godt stå uendra også. 


La dei andre innstillingane stå slik dei er. 


OBS: Plugin Cookie Consent oppretter automatisk ei side som heiter Cookie Policy med engelsk tekst, slett denne under Sider > alle sider > Cookie policy. 


Trykk Lagre endringer nede. 


No har du fått cookie consent på nettsida di: