Slik opprettar du personvernerklæring i WordPress

I WordPress versjon 4.9.6 og nyare er det enkelt å opprette lovpålagt personvernerklæring. Viss du har ein eldre versjon, og er kunde hos Mediebruket, 123press eller Stiftio, så gje oss beskjed på epost support@mediebruket.no slik at vi kan oppdatere.


Her er framgangsmåten:


Logg på dykkar nettstad: t.d. dykkarnettstad.no/wp-admin


Klikk Innstillinger > Personvern > Lag en ny side (viss de har laga ei slik side tidlegare, så lenkar de til den i staden),
(På engelsk: Settings > Privacy > Create new page)



Fyll inn og rediger tekst slik at den passar til dykk. Om de har fleire språk på nettstaden, kan både norsk og engelsk versjon leggast inn på same sida.

Om du treng forklaring til dei ulike punkta, klikk Bruk veiviseren vår. (På engelsk: Check out our guide).


Om du ikkje vert ferdig, kan du klikke Lagre kladd og arbeide vidare seinare. Du finn att sida under Kontrollpanel > Sider > Personvernerklæring


Når det gjeld teksten, så lagar WordPress eit forslag når du følgjerrettleiinga ovanfor. Men den teksten passar ikkje for alle.
Hent gjerne inspirasjon frå Datatilsynet: https://www.datatilsynet.no/om-datatilsynet/personvernerklaering-nettsidene/

eller Nkom: https://www.nkom.no/om-nkom/personvernerkl%C3%A6ring

Det er desse organa som skal handheve den nye forskrifta.
Nkom har også ei eiga fråsegn om informasjonskapslar (cookies): https://www.nkom.no/om-nkom/cookies Men den teksten kan gjerne ligge på samme side som Personvernerklæring, evt. kalle sida: Personvern og informasjonskapslar eller Personvern og cookies. Sjå også Mediebruket si personvernerklæring.


Når du er ferdig med sida trykkjer du Publiser.


Hugs at lenke til sida du har laga med personvernerklæring må leggast inn i menyen og/eller footer.




Relatert: