Hensikta med Yoast SEO-plugin er å oppnå ei høgare rangering i søkeresultata på valgte nøkkelord, slik at potensielle kundar som søker etter produkt/tenester du tilbyr på Google finn deg. Inne på kvar side får du løpande tips frå verktøyet om kva du bør gjere for å nå målet ditt om ei høgare rangering.


Om Yoast SEO er installert på nettstaden din har du eit felt med tittel "Søkemotoroptimalisering for Wordpress av Yoast" under brødtekstfeltet: 



Generelt


Focus Keyword er ordene/ordet som best beskriv innhaldet på sida, og bør vere ord potensielle kundar bruker når dei søker etter tjenestene/produkta du tilbyr. Plugin vil kontrollere at du bruker dette nøkkelordet tilstrekkelig på sida, f.eks. i tittel, URL (lenke), innhald osv. for at du skal få belønning frå Google. Tilbakemeldingen ser du under "Focus keyword usage" på bildet over. 


SEO Title er tittelen som vil vise i Googlesøkeresultata, sjå forhåndsvisninga på bildet over. Det er viktig at du bruker valt nøkkelord (focus keyword) i tittelen. Om du gløymer det får du beskjed om det under "Focus keyword usage".


Meta description: Beskrivelsen som viser i Google sine søkeresultat. Same gjeld her, ta med valt nøkkelord (focus keyword). Her bør du skrive ein tekst som representerer innhaldet på sida, samtidig som du prøver å få med viktige nøkkelord som du veit potensielle kundar bruker i Googlesøk når dei er på jakt etter noko du kan tilby. Hugs at du alltid skal skrive med hovudfokus på potensielle kundar - ikkje roboten -teksten må vere leseleg og forståeleg. 


Sideanalyse



Under sideanalyse får du tilbakemelding på kva som bør vere bedre for søkemotoroptimaliseringa, samt kva som er bra. Fargekoden indikerer status. 


Eksempelteksten over henviser til alt-tekst på bilder. Dette stiller du inn ved å gå til mediebiblioteket > trykk på det aktuelle bildet > legg til alternativ tekst. Det kan vere lurt å legge inn nøkkelordet du har valt på den konkrete sida som alt-tekst, men alt-teksten må også indikere kva bildet viser for å tilfredsstille kravet om universell utforming. Alt-teksten er usynleg på nettsida (utanom for dei som nyttar hjelpemiddel), men Google bruker det i si rangering.  


Til slutt ender du forhåpentlegvis opp med følgande varsel:



Lykke til!